Фото: Hanne Marie Molde/UD.Фото: Hanne Marie Molde/UD

Påminning til norske journalistar

Sist oppdatert: 05.01.2012 // Etter å ha fått mange spørsmål frå norske journalistar den siste tida, vil ambassaden minna om at alle treng både pressevisum og akkreditering for å jobba i Russland.

Den norske ambassaden i Moskva har den siste tida fått ein del telefonar og e-postar frå journalistar som lurar på om dei treng pressevisum og/eller akkreditering for å jobba som journalist i Russland.

Sidan det nærmar seg presidentval, og ambassaden generelt merkar at interessa for landet er aukande, vil me minna om at at alle norske journalistar alltid må ha både pressevisum og akkreditering for å kunna jobba i Russland.   

1)    Pressevisum må ein søkja om på Russland sin ambassade i Oslo eller Generalkonsulatet i Kirkenes.

Last ned visumssøknadsskjemaet her. Handsaminga kan ta oppimot to veker.

2)    Akkreditering søkjer ein om gjennom pressesenteret til Det russiske utanriksministeriet i Moskva. Det kan ta inntil fem dagar å få kortet. 

Les meir om kva dei to søknadene må innehalda her.

Pressekontakt ved ambassaden: Marit Ingvill Sande.


Del på nettet   |   print