Noreg eksporterte varer til Russland for 7,7 milliardar kroner i 2011, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå. Dette er ein auke på 11 prosent frå 2010 og den høgaste eksporten målt nokon gong.
- Med unntak frå 2007 og 2009 har eksporten gått opp kvart einaste år. Utviklinga går i riktig retning, seier handelsråd Dag Ivar Brekke ved Innovasjon Norge sitt russlandskontor.
Fleire maskinar
Det er framleis fisk som dominerer, og i 2011 utgjorde sjømat heile 68 prosent. Russland er no det viktigaste enkeltmarkedet for norsk fisk, både i volum og verdi. Prosenten har likevel gått noko ned dei siste to åra, på grunn av vekst i andre varegrupper. I fjor var det maskinar og transportmiddel som auka mest: frå 550 millionar i 2010 til 1,45 milliardar i 2011.
- Årsaka til denne store veksten heng truleg saman med dei nye kontraktane om norske leveransar til russisk olje- og gassindustri. Det er eit område det vert spennande å fylgja med på framover, seier Brekke.
I fylgje SSB var det i fjor også ein oppgang i eksporten av ferdigvarer som teknisk-vitenskapelige instrument, byggingsmodular, møblar og konfeksjon.
Tredobla på ti år
Målt i kroner har eksporten til Russland meir enn tredobla seg dei siste ti åra.
- Det er vanskeleg å koma med ein spesiell grunn til dette, men generelt er det tettare kontakt mellom næringslivet i Noreg og Russland no enn før. Veksten er nok også eit naturleg resultat av globaliseringa med betre logistikk og meir flyt over grensene, meiner Brekke.