Les: Rekordår for visumavdelingen
I løpet av fjoråret vart det søkt om 31551 visum ved Den norske ambassaden i Moskva. Det er ein auke på 19 prosent frå 2010 då talet på søknader var 26443.
- 2011 har vore eit rekordår. Russerane reiser som aldri før, og me har grunn til å tru at det vil fortsetja å auka i 2012, seier ambassadesekretær Audun Rogne i visumavdelinga.
Les: Russiske turister velger Norge
Fleire enkeltturistar
Nærare 65 prosent av dei som søkte om visum i fjor, var turistar. Dei fleste reiser i større grupper, men ambassaden merkar på same tid at den individuelle turismen er på frammarsj.
- Enkeltturisme og bilturisme er dei to nye trendane. Me opplever også at stadig fleire reiser til Noreg for å besøka familie og vener, fortel Rogne.
Han er positiv til at fleire russarar vel å registrera visumsøknaden elektronisk. I fjor brukte 79 prosent ”Søknad på Nett” mot 67 prosent i 2010.
- Det er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar. For oss går registreringsjobben fortare, og for søkarane vert saksbehandlingstida kortare, seier Rogne.
Les: Darja klikker seg til Norge
Målretta marknadsføring
Dei siste åra har ambassaden merka ein jamn auke i talet på russarar som ynskjer å reisa til Noreg. Rogne meiner Innovasjon Norge har mykje av æra for utviklinga på grunn av det målretta arbeidet dei gjer for å marknadsføra Noreg som reisemål. Kvart år køyrer dei kampanjar om Nord-Noreg, arkitekturhovudstaden Oslo og fjordreiser på Vestlandet. Heilt nytt i 2011 var charterfly til Bardufoss og Voss.
- Det er veldig hyggeleg å sjå resultat av alt arbeidet, fortel Olga Philippenko, turistansvarleg ved Innovasjon Norge sitt russlandskontor. Ho har alt planane klare for 2012.
- Me meiner fiskeferie i Noreg har eit enormt potensiale, så det vil me satsa på det. Me håpar også å få i gang charterfly til Tromsø til sommaren, seier ho.
I fylgje Statistisk Sentralbyrå hadde russarar åtte prosent fleire overnattingsdøgn i Noreg i perioden januar til november i 2011 enn i 2010.
Les: Russisk turistboom i Trysil
Det har vore mykje å gjera for dei tilsette i visumavdelinga ved ambassaden i Moskva det siste året. . Фото: Hanne Marie Molde/UD