Ambassadør Knut Hauge saman med kvinnene frå veteranforeininga til Den karelske front. Til høgre for ambassadøren: Jekaterina Ivanovna Kedrova. . 
Фото: Hanne Marie Molde/UD.Ambassadør Knut Hauge saman med kvinnene frå veteranforeininga til Den karelske front. Til høgre for ambassadøren: Jekaterina Ivanovna Kedrova. . Фото: Hanne Marie Molde/UD

- Gløymer aldri frigjeringa av Kirkenes

Sist oppdatert: 23.11.2011 // Hausten 1944 var Jekaterina Ivanovna Kedrova med å frigjera Aust-Finnmark. 67 år seinare vert ho og dei andre veteranane frå Den raude armé framleis takka for hjelpa.

- Eg har svært sterke minne sidan eg berre var 19 år då me frigjorde Kirkenes. Eg hugsar at byen var heilt øydelagt, og at me hjelpte nordmennene på alle måtar me kunne. Det var ei uroleg stemning, for ingen av oss visste om det var slutten eller ikkje, fortel Jekaterina Ivanovna Kedrova.

For 11. året på rad er den snart 90 år gamle kvinna invitert til høgtidleg mottaking ved Den norske ambassaden i Moskva. Saman med andre veteranar frå Den raude armé skal ho heidrast for at ho var med å ha starta frigjeringa av Noreg under andre verdskrig.

Veteran Taiisia Vasilevna Kaplan tykkjer det er ei ære å verta invitert til ambassaden. . 
Фото: Hanne Marie Molde/UD.Veteran Taiisia Vasilevna Kaplan tykkjer det er ei ære å verta invitert til ambassaden. . Фото: Hanne Marie Molde/UD

- Viktig markering

- Det er svært viktig å markera og heidra russarane frå Den raude armé som var med på frigjeringa av Aust-Finnmark i oktober 1944. Dei ofra mykje, og mange mista livet. Som nasjon verdset me naturleg nok at nokon har gjort noko sånt for oss, seier forsvarsattache ved Den norske ambassaden, Tom Nesse.

Han fortel at dei to landa framleis har eit godt forhold.  

- Noreg og Russland har aldri kriga, men lever i fredeleg sameksistens over grensa. Den gong hadde me ein felles fiende. I dag har me eit felles samarbeid for å gjera framtida betre for folket vårt. Dette militære samarbeidet ynskjer me å utvida, seier Nesse.

Rundt 70 veteranar, familiemedlem og andre var med på mottakinga til minne om frigjeringa av Aust-Finnmark hausten 1944. Her: tale ved forsvarsattache Tom Nesse. 
Фото: Hanne Marie Molde/UD.Rundt 70 veteranar, familiemedlem og andre var med på mottakinga til minne om frigjeringa av Aust-Finnmark hausten 1944. Her: tale ved forsvarsattache Tom Nesse. Фото: Hanne Marie Molde/UD

Aldri reist tilbake

Den raude armé hadde akkurat vunne slaget på heimebane då dei fekk ordre om å kryssa grensa til Noreg i oktober 1944.

- Kirkenes ligg framleis nært hjarta mitt. Det var den siste byen Den karelske front frigjorde, og me var veldig glade og stolte over at me gjorde det, seier Kedrova.   

Den eldre kvinna fortel at ho fekk fleire norske vener som ho brevveksla med i lang tid etter krigen. Men  ho har aldri reist attende.

- Eg har hatt veldig lyst, men eg har aldri heilt fått høve til det. Dessutan trur eg det ville vera tungt for eit menneske å dra tilbake til eit land der ein har opplevd noko slikt, seier ho.

- Likevel elskar eg Noreg og alt som er norsk. Noreg er mitt andre fedreland, og kvar gong eg tenkjer tilbake, så minnast eg også det gode med byen, folket og landet, seier ho.

 

Kvar haust inviterer ambassaden  russiske veteranar frå Den raude arme til mottaking med talar, mat og drikke. . 
Фото: Hanne Marie Molde/UD.Kvar haust inviterer ambassaden russiske veteranar frå Den raude arme til mottaking med talar, mat og drikke. . Фото: Hanne Marie Molde/UD

Del på nettet   |   print