14.-15. desember besøkte den norske statssekretæren Moskva, her han mellom anna lanserte det nye prosjektet ”Circumpolar Knowledge Sharing”. Føremålet er å spreia kunnskap frå det norsk-russiske petroleumssamarbeidet om harmonisering av helse-, miljø- og tryggingsstandardar for operasjon i nordområda til andre arktiske land som Kanada, USA og Danmark/Grønland.
- Dei felles standardane reduserer risikoen for ulukker og oljesøl og førebur dermed sokkelen på den aukande aktiviteten i Barentshavet. Prosjektet har styrka samarbeidet mellom norsk og russisk petroleumsindustri, og me meiner erfaringane er så gode, at me ikkje berre skal bruka dette i Noreg og i Russland, seier Lahnstein.
Engasjement frå industrien
Sidan starten i 2007 har Utanriksdepartementet støtta prosjektet med om lag 20 millionar kroner. No gjev dei endå 3,8 millionar kroner for å vidareføra suksessen. Det Norske Veritas og Gazprom/VNIIGAZ har leia prosjektet, og selskap som Statoil, Total, ENI Norge, International Association of Oil & Gas producers og Stockman Development AS har kome med litt etter litt.
- Til å byrja med betalte statlege styremakter nesten alt, men etter kvart har industrien tatt meir og meir eigarskap og bidrege meir og meir økonomisk. Prosjektet har gått frå å vera eit bilateralt norsk-russisk samarbeid til å verta eit internasjonalt prosjekt. Det viser eit ekte engasjement frå industrien. Me ser fram til å sjå det utvikla seg vidare, seier statssekretæren.
Trilaterale møte
I løpet av opphaldet i Moskva har Lahnstein også halde innlegg på eit seminar om transport og logistikk i nordområda, og han har hatt møte med den finske statssekretæren Pertti Torstila, den russiske visetransportministeren Sergej Aristov og viseminister Maksim Travnikov i Ministeriet for regional utvikling.
- Me er veldig glad for at me saman med Finland kan gjera eit felles framstøyt for på det heilt praktiske plan styrka samarbeidet mellom Noreg, Finland og Russland. Eit gjennomgående tema på møta har vore transportdimensjonen, korleis leggja til rette for at folk og næringsliv skal samarbeida, fortel Lahnstein.
- Både møtet med Transportministeriet og med Regionalministeriet viser at det er ei stor interesse frå russisk side for å jobba vidare på konkret nivå. Det er svært inspirerande å høyre at våre samarbeidspartnarar tenkjer likt om dette.
Den norske og den finske statssekretæren hadde felles møte med viseminister Maksim Travnikov i Ministeriet for regional utvikling i Moskva. Фото: Hanne Marie Molde/UD